torsdag 4. mars 2021

«Yt etter evne, få etter behov» av Olaug Nilssen

Utgitt av Samlaget 2020

Benjamin er ein gut med autisme. Fram til han var 9 budde han med mor si, Lea. Då ramla ho rett og slett saman; åleineansvaret for Benjamin vart for mykje. No ligg ho utslått på sofaen, spelar dataspel og et seg stadig meir lubben, medan søstera Rakel har overtatt ansvaret for Benjamin, som no er på veg til å bli ungdom.
Kan det vera at jamvel Rakel, som er så sterk og ser ut til å takle alt, har tatt på seg ei for stor oppgåve med dette ansvaret?
Det er også ei tredje syster, Linda. Ho er ein del yngre enn dei andre to, og då ho var lita var ikkje mora heime, slik ho var det då dei to eldste var små. Mora kjenner kanskje litt dårlig samvit for dette, og har lett for å seie ja til Linda, når ho treng hjelp. Det er ikkje like enkelt for Lea eller Rakel å få mor til å stille opp for seg. Faren deira er der, men det verkar ikkje som han har eigne meiningar om noko av dette.
Kan heile familien komme til å gå på ein smell på grunn av utfordringane det byr på, dette å ha ein psykisk utviklingshemma buande heime?
Kvar er hjelpeapparatet når ein treng det som mest? Benjamin har fått institusjonsplass, men plassen er framleis ikkje framskaffa av kommunen.

Fortellerstemma vekslar mellom å ligge til Petter, som jobbar i kommunen sitt avlastningsteam, Lea, Rakel og Gudrun (mor til Lea og Rakel). At perspektivet skiftar gjer at romanen kjennes noko oppdelt, episodisk; som lesar må eg liksom omstille meg litt for kvart nye kapittel. Flyten blir kanskje noko hindra av dette, men samstundes får vel forfattaren fram situasjonen til dei enkelte på ein betre måte enn om det skulle vera same forteljarperspektiv heile vegen.

Boka er tankevekkjande og engasjerande. Eg har fått med meg at enkelte finn boka morosam. Det er einskilde scener som har noko komikk i seg, men totalt sett tykkjer eg boka har for alvorleg tema til at eg heilt kan gi meg over til latteren.

Romanen vann nyleg P2-lytternes romanpris, og var og nominert til Brageprisen, i klassa for skjønnlitteratur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar