torsdag 18. mars 2021

«Mjøsa rundt med mor : ei livsreise» av Bjørn Hatterud

Gjeven ut av Samlaget 2020

Bjørn Hatterud er ein homofil, funksjonshemma mann som vaks opp i bygda Veldre, nord for Brumunddal. Han vart mobba og kjende seg utanfor, så i ungdommen lengta han berre ut. Då han var 21 år gamal flytta han til Oslo, og der har han budd sidan.
Men Hatterud erkjenner at oppveksten alltid vil vera ein del av han, slik sett ikkje noko ein kan flykte ifrå. No kan det jamvel gjere godt å reisa heim iblant og kjenne tilhøyre, fellesskap og ei slags forsoning med plassen og tida han vaks opp i.
I denne boka minnest han litt av kvart frå heimplassen, frå den tida han budde der. Veldre var annleis då.
Tittelen på boka refererer til at han og mora har planlagt ei reise rundt Mjøsa i bil, og eit stykke ut i boka kjem dei seg av garde; han køyrer og ho sit på.

Dette var ei fin leseoppleving; eg vart rett og slett sjarmert. Hatterud verkar som ein fin fyr, og raust deler han historia om seg sjølv. Har ein sjølv vakse opp i ei lita bygd, så er det mykje å kjenne seg att i. Hatterud hadde nok særskilde grunnar til å kjenne seg annleis og utanfor, med funksjonshemming og homofil legning. Men eg trur mange har kjent seg annleis på bygda, utan at dei har hatt slike særtrekk som Hatterud, og på grunn av denne annleiskjensla har dei lengta vekk. Men som vaksen ser ein gjerne annleis på oppveksten; ser kanskje at ikkje alt var negativt. 

Eg gjev eit døme av humoren i boka, frå side 85. Forfattaren skriv om prisutviklinga på hyttemarknaden på Sjusjøen:
«Eit tannlegepar fekk kjøpt den siste ledige tomta i området. Der har dei bygd ein overdådig, modernistisk villa, med mange vindauge og ei straumrekning som berre eit kraftselskap kan elske.»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar