![]() |
Biletet av boka er lånt frå www.nilsthune.no |
I denne fine, vesle boka fortel Sverre Thune om korleis det
var å vekse opp på ein gard i 1930-40-åra i fjellbygda Vang i Valdres.
Tittelen har forfattaren vald av di Fjellpistra brukte å
sitje oppå Smådalsfjellet og syngje så det høyrdest utover fjell og vidder, og
vart såleis ein del av dei fine minnene frå barndomen hans.
Boka inneheld stutte kapittel illustrert med fotografi frå
den tida forfattaren skriv om. Eg tykkjer dette er ei lærerik bok for folk som
lever i dag, slik ho syner korleis ein arbeidde og levde på gardane i gamle
dagar, og borna måtte og ta del. For meg – som sjølv har vakse opp på gard (sjølv
om det er ein del år seinare enn Thune) – er det mykje å kjenne seg att i. Til
dømes potetsetjing- og plukking, luking i åkeren, stell av dyr, og deltaking i slåttonn.
Men boka handlar ikkje berre om arbeid – ho fortel og om kva
dei held på med då dei hadde fri, og korleis det var på skulen den gongen.
Unge i dag kan ha godt av å få høyre korleis det var å leve
før i tida. Det var ikkje berre å skifte klede fleire gonger for dagen og få
dei lettvint vaska, og ein vart ikkje køyrd hit eller dit på aktivitetar om
kveldane. Mykje av moroa ein hadde, måtte ein ordne sjølv.
Formen på boka (eit biletbok-format, nærmast), og slik ho er
fortald, synes ho retta mot yngre lesarar. Eg trur boka kan vera fin til høgtlesing og til bruk
i skulen.
Boka kunne kanskje hatt ei ordliste? Einskilde ord som er
brukt er sikkert velkjende for mange, men for yngre lesarar kan dei vera
ukjende.