Oktober forlag 2026
Vår,
som sjølv fortel i romanen, bur i Oslo, men er frå ein liten plass på vestlandet.
No skal det vera reunion for skulen ho gjekk på der vest, og ho møter opp, spesielt
oppfordra av mora som meiner at det kanskje er på tide no at Vår finn saman med Dag, han
dei kalla Vandrepokalen, og blir eit par. Dei har ikkje vore single samstundes
sidan dei var unge, elles hadde dei kan hende vore eit par forlengst? Møtet deira viser
at dei framleis blir tiltrekt av kvarandre, men Vår har vore i svært djup sorg
etter ho mista mannen sin for fem år sidan. Kan ho våge å miste ein gong til? Og
kva med det fine vennskapet ho og Dag har, tenk om det blir øydelagt?
I romanen får me tilbakeblikk, etter kvart heilt tilbake til ungdomstida og kva
som skjedde like før Vår bestemte seg for å flytte frå bygda, midt i eit
skuleår. Tilbakeblikka vekslar med at me i notid følgjer Vår og Dag i forsøka deira på å finne fram til kvarandre.
Eg tykte det undervegs var noko vanskeleg å like hovudpersonen. Ho verkar så oppteken av seg sjølv og eigne kjensler, og blind for at måten ho oppfører seg på er forvirrande for Dag. Og ho verkar så frykteleg redd for å vera åleine; MÅ ho på død og liv ha ein mann?
Men etter å ha lest heile boka, så skjønar eg meir av henne, og trur eg og at skjønar meir av kvifor boka har fått tittelen "Utan språk for kjærleik."

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar