mandag 16. november 2020

«Det stoppar ikkje her» av Tone Myklebust

Gjeven ut av Cappelen Damm 2020

Eg er ofte forsiktig med å lesa vaskeseddelen på bøker, for rett som det er røper dei for mykje, tykkjer eg. Men denne gongen las eg bakpå boka og det var nett dette som vekte interessa. Her er det eg las:

«- Vil du ha kaffi, kjære?
- Nei, takk, eg vil ha kuk.
Eg vil faktisk det, men ikkje den eg til ein kvar tid har tilgang til. Då må det vera lov å skaffa seg ein ny. Kvifor kan me ikkje berre drita i å vera så redde for at noko skal tyta ut: feitt, ord, kjensler som ikkje passar? Det kan ikkje vera berekraftig.»

Her er 11 lettleste noveller, den som heiter Naboen har fått rullator og Spor 2 til Oslo likte eg veldig godt. Andre av novellene fenga ikkje så veldig, men eg tykkjer ofte det er slik med novellesamlingar; dersom dei sprikar mykje i innhald og karakterar, så er dei varierte, og det kan vera fint, men det skjer ofte då at ein likar nokre godt, og andre mindre.
Dersom du likar å lesa noveller, så kvifor ikkje prøve denne samlinga?

Dette er forfattaren si fyrste bok for vaksne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar