tirsdag 12. mars 2019

«Nedteljing» av Anders Totland

Gjeven ut av Gyldendal 2018

Det er sommarferie og Viggo er forelska i Emma. Det er litt tungt for han, sidan ho er i lag med Alex, ein felles venn av dei. Dei heng stadig saman på stranda denne sommaren. Slik får ikkje Viggo fred for lengten etter henne.
Oskar er ein annan i same gjeng. Han fortel Viggo om chatroulett, der ein på nettet kan kome i kontakt med folk, også jenter i rett alder. Oskar har hatt suksess med dette, er no kjent med ei jente som han har møtt i verkelegheita og det ser ut til at det kan bli eit par av dei to.
Viggo vil og prøve denne nettsida. Han treff mange slags folk, begge kjønn og alle aldrar, men til slutt treff han ei jente som i høgste grad verkar interessert i han! Då ho spør om dei skal gå "somewhere private" blir han med, og det ho foreslår dei skal gjera framfor kamera, blir han og med på. Men var det særleg lurt?

I denne ungdomsromanen tek Totland opp eit fenomen som eg ikkje kjente til frå før. Ein har sjølvsagt hørt og lest at ein skal vera særs på vakt når ein er på nettet med kva ein skriv og gjer framfor kamera, så ein ikkje blir lurt til å gjera noko ein vil angre på. Men dette var faktisk ein form for utpressing eg ikkje hadde hørt om før.

Romanen er forholdsvis tynn, berre 95 sider, og på liten plass kan det vera vanskeleg å etablera truverdige karakterar; for her er det snakk om ein heil kameratgjeng me skal bli litt kjent med. Det er ikkje det at eg ikkje trur på Viggo, for det gjer eg. Eg trur absolutt det finst både gutar og jenter som er akkurat så usikre og sårbare som Viggo, og samstundes så fulle av lyst til å utforska kropp og kjensler. Då kan ein bli freista til å prøve litt av kvart. Eg trur på Viggo og det som skjer, men eg får kanskje ikkje til å engasjera meg djupt nok. Særleg slutten blir vel hastig og oppsummerande etter mitt syn.

Eg vil likevel anbefale boka. Som utgangspunkt for ein diskusjon om nettvett må ho vera midt i blinken, og med hovudperson og handling som både gutar og jenter kan kjenne seg att i.
Eg la ikkje merke til om alderen til ungdommane er oppgjeve nokon stad i teksten, men elevar på vidaregåande blir omtala som nokon våre ungdommar ikkje assosierer seg med, så det kan verke som ungdommane her er ungdomsskuleelevar, eller kanskje er klare for å byrje på vidaregåande skule etter sommarferien.

Så: For gutar og jenter, i alderen 12-13 og oppover.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar