onsdag 18. mai 2022

«Snu deg : Edvins bok : ein elegi» av Therese Tungen

Aschehoug 2022

Therese og ektemannen Bår mistar det yngste barnet sitt, sonen Edvin, like før han skulle fylle 7. Ekteparet var opptekne med å pusse opp i leilegheita i Oslo, Edvin og storesyster Idun var hjå besteforeldra på hytta på fjellet. Edvin blir brått dårleg, besteforeldra skjønar at det er alvorleg og Edvin blir flogen til Rikshospitalet med helikopter. Men livet står ikkje til å redde. Då foreldra får sjå han på sjukehuset er det ikkje noko meir å gjera; dei må ta farvel med han, ta avgjerd om organdonasjon, og elles berre ta sorga som ho kjem.
I ettertida kjem sjølvransakinga og behovet for å vite detaljene. Eksakt når var det Edvin døydde? Var det noko som kunne vore gjort annleis, som kunne ha redda han? Skuldkjensla hakk i hel; dersom foreldra ikkje hadde halde på med oppussing, men hatt ungene hjå seg i Oslo, med kort veg til Riksen - kunne Edvin overlevd då?

Boka blir ei slags minnebok om Edvin; me får bli kjent med guten som døydde så brått og uventa. Men aller mest er dette ei bok om sorg. Å skrive kan vera terapi; ein kan få sortert tankar og kjensler, og kanskje bearbeidd og kome seg eit skritt vidare.
Kanskje kan denne boka og vera terapi å lesa, om ein skulle oppleva sorg? Ingen sørger likt, men det kan sikkert vera hjelp i å vite at andre har opplevd utenkjelege, vonde kriser og klarte å koma seg gjennom det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar