fredag 22. mai 2026

«Den andre sida av elva» av Therese Tungen

Aschehoug 2026

Karnanne mistenker at ektemannen har vore utru, og kjenner trong til å rømme frå han og dagleglivet i Oslo for ei stund. Ho dreg attende til bygda ho kjem frå, så kan ho og jobbe litt med hovudfagsoppgåva i historie som ho aldri fekk fullført.
Faren har byrja skrante og bur på sjukeheimen, og mora er bortreist for å sjå til syster si som er alvorleg sjuk. Karnanne slår seg til i huset til faren; dette er og barndomsheimen hennar.
Fortida byrja å koma nær henne allereie på toget heim. Å sjå att sambygdingar frå den gongen ho budde der, får opp minne frå ungdomstida då Karnanne opplevde å miste storesystera Alicia. Politiet - ja, alle! - meinte at Alicia drukna i elva som følgje av ei ulukke eller av at ho sjølv ynskte å avslutte livet, men Karnanne er stadig mindre sikker på at dette kan stemme. Då ho oppdagar at faren og har sysla med eigne teoriar som kva som hende, blir ho endå sikrare på det var einkvan i bygda som ville kvitte seg med Alicia. Og ho har ein mistenkt...

Boka er spanande som ein krim, og har du vakse opp på bygda for nokre år sidan slik Karnanne har, så er dette til å kjenne seg att i.
Replikkane er på dialekt, men det går heilt greit å lesa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar