Omsett av Ingvill Kjærstein
Samlaget 2026
Shibata får stadig kjedelege rutineoppgåver på jobben; det verkar som desse oppgåvene blir lessa på henne berre av di ho er kvinne og sit lageleg til - kaffeservering, avfallsortering med meir. Då ho ein dag får beskjed om å rydde på møterommet, der kaffikoppar med kalde kaffiskvettar og røykstumpar har hopa seg opp, ber ho om å få sleppe. Ho er nemleg gravid, og lukta av røykstumpane gjer henne frykteleg kvalm!
Ho får fritak, alt er vel. Det vil seie, no må ho halde fram med å byggje opp om løgna om svangerskapet ho fann på, for ho er nemleg ikkje gravid!
Klarer Shibata å halde løgna levande? Korleis skal ho forhalde seg til magen som skal bli større, svangerskapskontrollar og til slutt - fødsel og barseltid?
Etterordet av Ingvill Kjærstein, som sjølv har budd i Japan, set handlinga i boka inn i ein kontekst. Det skulle ikkje ha vore nødvendig, kanskje, men det var oppklarande for meg at forfattaren gjennom denne romanen tek eit oppgjer med tilhøva i det japanske arbeidslivet, kjønnsroller og spesielt kvinnerolla. Som gravid får ein positiv merksemd, og - etter å ha født - eit avbrekk frå den tunge arbeidskvardagen.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar