tirsdag 28. april 2026

«Pass dine eigne saker» av Ingelin Røssland

Samlaget 2026

Sommaren før tiande klasse har Ida vore bortreist. Då ho kjem heim, gler ho seg stort til å treffe bestevenninna Pernille. Men kva har skjedd!? Pernille har byrja med kontaktlinser og kler seg så annleis; ho er nesten ikkje til å kjenne att! Dessutan har ho byrja å henge med dei populære jentene i klassen, og har plutseleg pengar til både det eine og det andre.
Ida finn ut at Pernille har starta ein lukrativ geskjeft - via ein nettstad sel ho sine eigne skitne truser til mannfolk som tenner på slikt. Ida blir kanskje litt freista til å prøve det same - for dette verkar som lettente pengar! - men mest blir ho oppsett på å hjelpe Pernille ut av dette ho har rota seg inn i. For det må vel vera tilfelle at ho ikkje berre sel truser, men og driv med verre ting?

Her er det humor, driv og mykje ytre handling, det blir nesten noko detektiv-aktig over måten Ida grip tak i saka. Og tema er aktuelt.
Røssland har fått god hjelp frå 10. trinnselevar og lærarar ved Tysnes skule.
Eg fann denne ungdomsboka lettlest, underhaldande og tankevekkande.

Sitat frå side 47, som viser den slagferdige stilen til Ida, for det er ho som fortel.
Ho blir erta, kalla miljøfitte og legofigur av moroklumpane Elliot og Sjur. «Eg gidd ikkje svara. Vi har gått i same klasse i så mange år at eg veit dei ikkje vil gi seg. Det var betre då vi gjekk på småskulen. Då var eg større enn dei og la dei berre i bakken når dei var dust. No er dei mykje sterkare enn eg, eg klarar ikkje bryta dei i bakken lenger. Det er det som er drit med å vera jente.»

Og side 60: «Eg slenger meg i senga, grip etter mobilen og begynner å skrolla. Alle andre enn eg har det visst tipp topp. Eg blir motlaus av alle dei perfekte bileta på skjermen.»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar