Samlaget 2022
Jacob Juul er pensjonert prest. Kona er på pleieheim, der ho sakte forsvinn. Dette med sakte å forsvinne har ho halde på med i mange år no, og ligg no på det siste. Ikkje noko større dramatikk i dette, tykkjer Jacob, men tilveret får likevel ein snert av drama idet barnevernet tek kontakt. Dei har barnebarnet til Jacob - som han til no ikkje har visst noko om - som treng ein stad å bu, sidan mora er død og faren er forsvunne. Faren til jenta er Jacob sin son, som han ikkje har hatt kontakt med på mange år. At Jacob har eit barnebarn tykkjer han er ein skikkeleg gladnyheit, og Jacob opnar sjølvsagt opp heimen for å ta imot den vesle jenta, 7-åringen Isabella Donnatina, eller helst kalt Izzy.
Det skal vise seg at det dukkar opp fleire som vil Jacob noko, og er det ikkje bra typisk at alt skjer på ein gong...
Eg valde denne boka fordi eg tidligare har lest to ungdomsbøker og ei vaksenbok av Anders Totland som eg syntes var interessante.
Denne boka må kunne kallast ein sjangermiks av bygderoman, humor og spenning - eller ein kan seie det er ei dramakomedie med handling lagt til bygdemiljø. Veldig sannsynleg er vel ikkje denne historia, men underhaldande og lettlest.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar