søndag 19. september 2021

«Vinden og kattane» av Rønnaug Kleiva

Samlaget 2021

Johanna (15) bur med mor og veslesyster. Idet romanen tek til, er dei på tur til ei gresk øy. Mor har berre teke jentene ut av skulen utan å spørje nokon, for det er for dyrt å reise på ferie i skuleferien. Medan dei er på ferie, tek mora andre uheldige val; det blir mykje drikking og ungane går på sjølvstyr. Johanna er heldigvis fornuftig og tek hand om seg og systera. Ja, av og til ordnar ho opp med mora og, til dømes då ho hentar mora attende frå ein fest som trekk ut i lengste laget.
Seinare i boka får me sjå korleis den vesle familien fungerar heime, og det er heller ikkje veldig bra. Johanna må vera den vaksne og ansvarlege, medan mora har meir enn nok med seg sjølv, blandar piller og alkohol og er veldig ofte fråkopla alt.

Dette er sterk og engasjerande lesnad. Det er forståeleg at mora slit, men det er like fullt omsorgssvikt. Men når hjelpa endeleg kjem i form av barnevern og fosterheim, slår det diverre ikkje berre heldig ut.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar