søndag 19. september 2021

«Gamle menn i syningom» av Arnfinn Kolerud

Samlaget 2021

Me møter att Enella Frø og Bendik Uføre frå Når ein først skal skyte nokon (2010) og Kom ikkje inn i mitt hus (2012). Dei held stand i Vassbygda - den siste vesle landsbyen i landet Norike som framleis nyttar nynorsk. Dei kjempar framleis hardt for at nynorsken skal overleve. Ikkje berre overleve, men vinne fram! Stadig nye idear vert klekte ut - kva med å få i stand eit dataspel om og med nynorsk!?
Stor er gleda då dei får vite at Kongen har gått over til å prate nynorsk. No må det då gå rette vegen, eller!?

Denne romanen er minst like humoristisk og full av innfall som dei to fyrste. Eg har venta lenge på denne tredje boka, men det heiter jo at den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.
Dette er oppfinnsomt, artig og fargerikt; ei bok til å bli i godt humør av.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar