fredag 4. desember 2020

«Høgspenning livsfare» av Helene Guåker

Gjeven ut av Samlaget 2020

Lea har flytt heimefrå. Ho har byrja på vidaregåande denne hausten, og bur på hybel. Heime på garden er far og mor åleine att med alle geitene. Eller det er rettare å seie at far er åleine att, for mor ligg stort sett i senga og deppar. Om ho ikkje har ein av dei sjeldne raptusane, lagar mat i stor stil og held på. Lea skjønar at det er noko alvorleg gale med mor no, men kva kan ho gjera?
På skulen spelar ho at ho er ei anna. Ei som heiter Vilde, som tør å klippe håret i ei tøff frisyre og farge det lilla. Som tør å ta piercing i nasen og attpåtil prate til den kjekke guten ho har sett i kantina fleire gonger.
Men det er ikkje berre å leggje alt der heime bak seg. Ein kan jo ikkje lyge om alt, heller. Spesielt ikkje når mora plutseleg kan stå på døra for å spandere kake, eller for å øvelseskøyre med Lea.

Eg har lese ein del bøker av Guåker no, og synes ho har laga ei god bok denne gongen og. Årets ungdomsbok kan kanskje vera som ei mørk storesyster av Juksemaker (2015)? Der heiter hovudpersonen Vilde, ho har og flytt heimefrå for å gå på musikklinja på vidaregåande. Den boka hugsar eg som lettlest og ikkje spesielt djuptpløyande. Årets bok grev djupare og vil kreve meir av lesaren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar