mandag 28. desember 2020

«Etter punktum» av Berit Rødstøl

Utgitt av Samlaget 2020

Stine har flytta attende til bygda ho vaks opp i. Då ho var i 14-årsalderen skjedde ei ulykke, der klassevenninna Kaia omkom. Ille nok i seg sjølv; verre var det at far til Stine fekk skulda for at ulykka skjedde. Dette gjorde at folk i bygda tok avstand frå dei, noko som splitta og øydela familien, som besto av berre Stine og foreldra.
No er det gått 15 år sidan ulykka, og foreldra til Stine er døde. Men Stine får fort merke at folk i bygda likevel ikkje har gløymt...

Romanen vekslar mellom notid (2017-18) og det som skjedde den gongen (1994-96), og det er vekselsvis Stine og mora Ingrid som fortel. Jamvel om historia ikkje blir fortalt kronologisk, er det greit å skjøne kvar ein er i handlinga då alle kapittel er merka. Bit for bit får me vite alt som ligg bak, og kva Stine og familien opplevde. Slik historia er bygd, blir ho spennande; eg slukte romanen nesten i eitt drag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar