Samlaget 2022
Mia har saman med Else, Jens, Halvor og Are vore ein tett samanvevd gjeng gjennom heile barne- og ungdomsskulen. No er det slutt på ti års skulegang. Mia og Else gler seg til å flytte til Bratteberg, der dei skal byrje på musikklina. Jens og Halvor gler seg og til å flytte til ein annan stad, der dei skal bu på hybel. Medan Are er att som den einaste som har bestemt seg for å bu heime og gå på ei anna skule enn reisten. Mia tenkjer at dei som gjeng kjem til å bli splintra når hausten kjem, det er noko trist midt i alt det fine ho har å sjå fram til. Men dei har i alle fall den lange sumarferien dei skal nyte i lag!
Are og Mia kjem nær kvarandre på ein ny måte denne sumaren. Mia skjønar at Are vil dei skal vera kjærastar, men ho kjenner det nok ikkje heilt som han. Då hausten kjem og ho flytter frå bygda, er det framleis uavklart mellom dei. Ho veit vel kva han vil, det er ho som held att og det er opp til henne kva det kan bli til. Det kjennest tungt.
Men det skal det skje mykje verre ting enn at ein vennegjeng blir splintra, eller at ein god ven kan bli såra om ikkje varme kjensler får svar. Ting som gjer livet svært utfordrande for Mia, med både vonde og gode kjensler som skal handterast på same tid.
Dette er ei veldig fin ungdomsbok. Om vennskap, kjærleik, om livet. Livet som kan vera så godt, men og så vanskeleg og vondt. Boka er engasjerende og godt skrive; Mia og det ho opplever blir levande for meg, og eg kjenner med henne når ho sørger og har det vondt.
Boka er nominert til Brageprisen 2022 i kategorien barne- og ungdomsbøker.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar