Samlaget 2022
Idet romanen startar er Emma (16) på sjukehuset. Ho har ei skotskade i magen som er operert. Ho kjem nok til å bli heilt bra att fysisk, men må ta det med ro i starten etter ho er utskriven.
Psykologen Beate har jobba med psyken i lag med Emma; den skal og heilast etter det som skjedde.
No skal Emma til mormor for å bu hjå henne, for mor og far er døde.
Kva er det eigentleg som har skjedd? Det gjer frykteleg vondt berre å prøve å minnest. Og når ho er einaste overlevande av tragedien, kan ho kanskje ha eit alternativt minne av det som skjedde - det alternativet som det gjer minst vondt å tenkje på?
Mormor har ein nabo, Hannes, som prøver å kome nærare Emma. Ho tykkjer han er irriterande og snål, men kanskje er det litt greit og, å henge med han iblant. Og psykologen slepp henne ikkje, men fortset å jobbe jamt og trutt med å få Emma til å opne opp for dei vonde minna - berre slik kan dei bearbeidast. Berre slik kan Emma kome vidare i livet sitt. Og mormor er der, trygg og varm. Mormor som jo sjølv har ei veldig stor sorg å bale med.
Ei vond og viktig bok om sorg, om å klare å stå i det vonde og vanskelege, om å finne vegen ut og vidare når tragedien har ramma.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar