tirsdag 29. november 2022

«Perfekt» av Ingunn Røyset

Vigmostad Bjørke 2022

Pia går fyrste året på ungdomsskulen. Ho kan aldri bli blant dei verkeleg kule på skulen, sidan ho har kort hår, tannregulering og blir kalla for peanøtt, sidan ho er så lita. Men livet kjennes greit nok likevel, for ho har jo bestevenninna Nathalie.
Men Pia har ein løyndom, noko ho ikkje har fortalt til nokon. Ho har prøvd å seie det til pappa, men han høyrde ikkje etter og slo det berre vekk som om det var ingenting. Pia slit nemleg med angst. Den gjer at ho ikkje får sove om nettene, at ho slit med å følgje med på skulen, eller kan kome til å seie merkelege ting i klassa, som for å få merksemda vekk frå dette som trugar med å lamme heile henne.
Og då ho held på å miste Nathalie, som på død og liv skal bli kul og halde seg inne med eliten i klassa, blir det verkeleg i tøffaste laget for Pia.

Dette er engasjerande og godt fortald om det å vera ung, prøve å finne seg sjølv og plassen ein skal stå på i verda. Om kor øydeleggjande det kan vera om ein går all in for å prøve å bli perfekt. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar