Samlaget 2024
Me møter att Jacob Juul frå Til jord skal du bli (2022).
Han synes han lever eit godt liv. Kona er død, men han har Izzy (barnebarnet som eigentleg heiter Isabella Donnatina) boande hjå seg på prestegarden. Men kan han vera trygg for at Izzy skal få bli? Barnevernet verkar ikkje heilt overbevist om at Jacob er den rette til å ta seg av jenta, og dukkar stadig opp på garden for ein prat.
No skal det arrangerast bryllaup på garden, for Maria (den nye presten i bygda) skal gifta seg med Gjertrud, og Jacob har lova at dette skal arrangerast på prestegarden. Gjertrud er temmeleg gravid og sumaren er temmeleg varm. Jacob lurer nesten på om han har tatt på seg litt for mykje her, for han kjenner at helsa ikkje er heilt på topp.
Det er mykje anna som skjer og, for mor til Maria kjem og skal bu på garden, og ho er jo ein handfull for å seie det mildt. Og Izzys morfar held på med lyssky verksemd, der Jacob stadig blir iblanda.
Som i fyrste bok er det mykje handling og humor. Om du føretrekk realistisk krim er nok ikkje dette boka for deg, men om du likar humoristisk bygdekrim med fargerike karakterar, så kan du prøve desse bøkene om Jacob Juul.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar