søndag 6. oktober 2024

«Ned i skjul» av Helene Guåker

Samlaget 2024

Agnes fyller 16 år ganske tidleg i denne ungdomsboka. Endeleg er det lov å ha sex, og det er ho meir enn klar for! På skulen er det eit skur bak sløydsalen der ein går viss ein vil kline med nokon. Agnes avtaler å møte Matteo der, og dette blir eit skikkeleg heitt og lovande møte!
Men neste gong dei møtes i skuret er Agnes kanskje litt for ivrig, og det blir rart og vanskeleg mellom dei etterpå.

Om sex, kåtskap, forelsking og kor vanskeleg det er å vera seg sjølv, og kor sårbar ein stiller seg når ein viser kor forelska og kåt ein er. Kanskje spesielt om ein er jente.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar