Anette er attende i heimbygda. Bygda ho forlet som 17-åring. No er ho 42 og skal på gjenforeiningsfest med klassa frå ungdomsskulen. Ho bur hjå Betzy, ei eldre nabokone som var som ei reservemor for henne i oppveksten. Anette har - før ho reiste til bygda - slått opp med sambuaren. Kvifor får me etter kvart godt innsyn i.
Det viser seg at det er store og vonde ting frå oppveksten som Anette har fortrengt, men gjennom møtet med bygda og folka frå den gongen kjem det sakte opp i dagen att.
Det er ikkje så lett å oppsummere handlinga i boka, men det er ei velskrive og engasjerande bok. Språket er variert og fargerikt, her er gode og originale beskrivingar. Boka kunne kanskje vore stramma inn og kutta noko; det er enkelte sekvensar frå samtalane med psykologen og ein del av tankane Anette balar med, som eg ikkje fekk spesielt mykje ut av. Men det er kan hende berre eg.
Sitat side 33: «Eg smiler. Prøver. Men grimasen andletet lagar, minner nok meir om bæsjefjeset eg hadde som lita, som mora mi ved fleire høve foreviga, og som ho elskar å visa til både meg og andre, om sjansen byr seg.»
Side 352-353: «Eirik, ein friskus som vann alt i idrett og brukte friminutta på å springa rundt skulen medan han tok tida på seg sjølv, eller sprang etter ein ball medan han kommenterte innsatsen på austlandsk...»
Side 358: «Brått vil eg berre stansa kjeften på Renate, eg er så ubegripeleg lei heile denne hjernedaude samtalen. Finst det ingenting anna å tenkja på enn menn, pikkane deira og kva slags idiotiske plassar dei har lyst til å putta dei?»




