søndag 18. mai 2025

«Du vil kjenne eit lite stikk» av Ingvild Skølt

Aschehoug 2025

Hanne er ferdig med legestudiet, no ventar turnustenesta på Granmo sjukehus. Her får ho fort forståing for kvar i hierarkiet ho høyrer til - ho skal i alle fall ikkje ha sitjeplass ved møtebordet, det er det berre overlegane som har. Men lågt i hierarkitet til tross; ho blir regelrett kasta ut i det. Viktige avgjerder og vanskelege tilfelle blir hennar ansvar å ta hand om åleine. Det vil seie: Eigentleg er det ein ho skal kunne stø seg på, men han verkar meir oppteken av å skjerme seg sjølv enn verkeleg å vera til hjelp for ein nyklekka lege.
Det skjer dramatiske ting som Hanne kjenner skuld for ikkje å ha handsama bra nok. Er ho lege på ekte, eller er ho av dei som berre var skuleflink, som ikkje egnar seg og bør lukast vekk? Usikkerheita er stor.

Boka er velskriven, med gode skildringar og bilete. Nokre bilete er kanskje vel opplagte, som at Hanne går omkring i ein altfor stor legefrakk.
Hanne og mora sine replikkar er dei einaste på nynorsk - alle andre pratar bokmål. Kanskje er dette og eit litt opplagt bilete på at Hanne kjenner seg utanfor på staden ho har flytt til.

På same vis som Hanne kjenner seg ute av stand til å passe på pasientane sine, tek ho heller ikkje særleg godt vare på seg sjølv. Ho et nesten ingenting, piskar seg sjølv ut på lange joggeturar, driv seg sjølv til fysisk og mentalt samanbrot.
Men så kan det jo vere at det skjer ting som er meir positive enn negative, som får ting til å snu? Eg røper ingenting, her må du lese sjølv!

Eksempel på ein god skildring, åpninga av romanen side 6:
«Sjukehusblokka tronar i utkanten av byen, som eit Soria Moria i betong. Det er eit bygg som veit best, tilbakelent og ruvande, i den veldige skuggen heng både varsku og håp. Vindauga er rad på rad i åtte etasjar med teieplikt og gardiner som er trekte for, innanfor er livet og døden og alt imellom
Og side 113:
«Fortvilinga flyt fritt utover golvet. Gråten trekkjer seg inn i fillerya, angsten skvulpar mot tapeten.»

Forfattaren er sjølv lege, og dette er debutromanen hennar. Ein solid debut, her kan du bli både oppslukt og engasjert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar