tirsdag 1. april 2025

«Krakk» av Guri Margrete Idsø Viken

Aschehoug 2025 

Vi skal til Arendal, året 1885. Axel Herlofson er rik arving, banksjef og skipsreiar, og primus motor for det meste av det som rører seg av handel og verksemd i byen. Dette er den blanke framsida av han, som alle kjenner til og beundrar. Men han har og ei mørk side, som dei færraste kjenner til - interessa for gambling, opiumbruk og unge mannfolk.
Thomas Berntzen, ung og dyktig revisor, får jobb i Herlofson sin bank. Her får han etter kvart innsyn i Herlofsons hang til gambling i form av særs kreativ rekneskap, men kva skal han gjere med det han veit? Han nyt og godt av luksuslivet Axel lever, og dei har funne saman som elskarar. Og om Axel fell, kjem ikkje då Thomas til å falle i lag med han? Thomas veit skilnad på rett og gale, men får kjenne at det ikkje alltid er så enkelt å gjera rett.

Dette er ein engasjerande og lettlest historisk roman, basert delvis på menneske som faktisk har levd, og på verkelege hendingar. Som bankkrakket i Arendal i 1886.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar