Samlaget 2024
Maria er eldst i søskenflokken og har dermed odel på garden ho kjem frå. Ho har eigentleg slått frå seg å overta, men leikar vel endå litt med tanken på om ho likevel kunne ha tenkt seg å flytte attende til den vesle bygda, og garden - eller småbruket - som har vore så lenge i familien. I tidlegare slektsledd har det og vore odelshaverar som kunna tenkt seg å gjera noko anna enn å vera bonde, men har "tatt ein for laget" og sørga for at garden er brakt vidare innan familien.
Maria har yngre søsken, men heller ikkje dei vil ta over. Ei lang historie vil bli broten. Kva kjenner ein på då? Odelsskam?
Sitat frå side 125-126:
«Når eg les tekstane til tippoldefar, tenker eg på den avstanden som er mellom ideala eg vaks opp med, og kvardagen min i Oslo. Eg vaks opp med ein djup respekt for praktisk arbeid og motstand mot sentralisering. No bur eg i den mest sentrale byen av alle byane i Noreg og lever av å skriva.
Byrda blir tyngre ved at eg kjenner på urettvise. Eg ser kor enklare og meir behageleg livet mitt er i byen. Her kan eg bestilla varer som kjem på døra same kveld, medan på Lavik er dagane med postombering halverte. Eg får tilgang på jobbar som betaler betre. Eg har sett summar med mange nullar trilla inn på kontoen etter eg selde eit husvære eg har budd i. Det er ein superprofitt som ikkje kjem av ærleg arbeid, og som få på bygda får tilgang til. Eg synest det er heilt feil, men eg vinn jo på det.
[...]
Eg kjenner ei skam eller ei skuldkjensle over å svikta staden eg kjem frå. Å bu her i Oslo føler eg er å seia til alle at majoritetsblikket hadde rett, for det beste og gjævaste er trass alt å bu i byen og jobba med noko langt, langt unna maten ein et til middag.»
Her er mange interessante tankar og mykje å grunne over. Eg tykkjer det er trist å sjå for seg Lavik og andre gardar som står att fråflytta, utan liv og røre som før fylte tun og hus. Om sjølvberging kom høgare opp på agendaen, og det vart meir lønsamt å vera bonde, kanskje det vart meir liv på bygdene att?

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar