Samlaget 2024
Brødrene Per, Martin, Reidar, Kåre og Einar Eikemo mista far sin då eldstemannen Per var 14 år. Dei budde i Berjaflotvegen 9, eit stort treetasjers hus som faren bygde. Per er far til Marit, og no som Marit fortel historia om brødrene Eikemo, er Per 86 år gamal og bur att åleine i det store huset, som før var fylt av folk og liv. Tida er ei heilt anna no enn då gutane voks opp. Og alderen krev sitt. «Det søkk i verdi, dette livet,» seier Per.
Per overtok ansvaret for familien då faren døydde, kanskje ikkje så rart då at han så å seie alltid verkar bekymra og alvorstyngd. Som det står side 16: «Det er ikkje godt humør som er motoren til far min. Eg har lang trening i å sjå om han har ein dårleg eller mindre dårleg dag. Som regel psykar han seg ned i dagevis før noko skal skje, som til dømes eit selskap. Når dagen kjem, er han heilt nedkøyrd og utsliten, og frå dette nullpunktet kan det berre gå éin veg.»
Nokre vil kanskje hevde at portrettet av brødreflokken kunne ha vore ei bok internt for familien og familiesoga, men det kulturhistoriske og menneskeleg attkjennelege gjer dette til interessant og engasjerande lesnad for mange fleire.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar