Samlaget 2024
Johanne går andre året på vidaregåande. Ho er flink på skulen, jobbar hardt for gode karakterar, for det treng ho om ho skal kome inn på psykologi-studiet, slik ho ynskjer. Ein dag får ho tilfeldig høyre far og bestefar prate om henne då dei trur ho ikkje er i nærleiken, og ho skjønar plutseleg at det er noko dei forventar av henne. Nemleg at ho skal ta over garden! Dette har ho ikkje lyst til, og vanskelege tankar og kjensler byrjar å slite i henne.
Då det byr seg eit høve til å dra på fest med den tidlegare klasseveninna Linn, som er kjent for å vera nokså vill og uansvarleg av seg, er ho ikkje sein om å slenge seg med. Ho veit korleis far ser på festing og drikking, så her anar ho ein sjanse til å gjera eit aldri så lite opprør.
Festen blir artig, men ikkje berre. Kven er ho, sett i augene av ulike folk, betyr det noko kva folk tenkjer om henne? Kven er ho eigentleg, kven vil ho bli/få til å vere? Korleis skal ho kunne gjere det ho har mest lyst til, utan å såre foreldra og bryte med garden sin lange tradisjon?
Velskriven og engasjerande ungdomsroman. Sjølv om hovudpersonen er jente, kan sikkert og gutar relatere seg til problemstillingane.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar