torsdag 26. september 2024

«Lorden» av Tore Renberg

Oktober forlag 2024

Jon Magne Moi (født 1956) sit på kafeen i bygda medan han skriv denne boka. Han er pensjonert lærar, ivrig, engasjert og arbeidsom medlem i historielaget i bygda - eller "her hos oss", som er uttrykket han stadig brukar. Han er lukkeleg gift med Aase Astri (født 1959), men no har ho reist på venninnetur til utlandet. Han saknar henne!
Han fortel for oss - innbilte publikum - om ei dramatisk hending han og kona var ute for då dei var på skitur nyleg. Dei var oppe ved Lordeslottet, og rett framfor trappa der låg ei ung jente i snøen. Ellen Sofie Bestandig, ei usedvanleg talentfull jente med - vil ein tru - ei lysande framtid. Paret var overtydd om at jenta var død, men det viste seg at det likevel er att litt liv i ho. Ho havna på sjukehus der ho ligg og svevar mellom liv og død i lange tider.
Jon Magne fortel om Lorden og Lordeslottet - det er spanande lokalhistorisk stoff frå bygda dei bur i. Det finst berre få og nokså tynne kjelder om dette. Han har og eit minne frå eigen barndom, Jon Magne, der han hadde eit syn. Han såg Lorden, med svart kappe og svarte peparkorn-auge.
I boka fortel han og om folk i bygda, fleire av dei har han eigentlig lite til overs for, sjølv om han tydeleg vil vera ein som forstår og tilgjev det meste; han er tross alt tidlegare lærar.
Jon Magne har tenkt mykje sidan han og kona fann Ellen Sofie. Han har ein ide om kven som står bak mordforsøket, og korleis han kan gå fram for å avsløre den eller dei som står bak.

Forteljarstemma endrar seg i løpet av romanen på ein finurleg måte. Fyrst er det fin kontroll, det flyt godt og det er smått humoristisk, om denne humoren no er tilsikta frå Jon Magne si side, eller ei. Det har ein munnleg preg, er fullt av energi og entusiasme. Så går det etter kvart litt over styr, og me skjønar at kanskje er Jon Magne ein litt upåliteleg forteljar, utan at han nødvendigvis meiner eller vil dette sjølv. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar