Samlaget 2024
Rett før Vida (13 år) skal byrje i 9. klasse, blir ho kjent med ein gut i nabolaget. Han heiter Viktor, er veldig hyggeleg og grei. Vida stammar, noko som plagar henne ein heil del, men han gjer ikkje noko poeng ut av det. Sjølv har han CP (Cerebral parese), har litt vanskar med å gå, (han går som om han har stein i skoen) og den høgre armen er ganske ubrukeleg (dinosaurarm). Han brukar humor når han presenterer seg, og slik får han til at dei han møter ler MED han og ikkje AV han.
Vida har grudd seg til å byrje på skulen att etter sommarferien, for bestevenninna har flytta. Så kven kan ho henge med då? Og kven kan forsvare henne når ertekrokane i klassen set i gang? For det kjem dei garantert til å gjere!
Som det står side 19: «[...] Viktor har dinosaurarm og stein i skoen, og eg klarar knapt å seie eit einaste ord. Vi kjem ikkje eingong til å overleve veka.»
Ja, for det viser seg at Viktor byrjar i hennar klasse. Det er i alle fall eit lyspunkt i alt det mørke.
Språket flyt fint, og med driv i handlinga og islett av humor, blir dette lettlest og engasjerande lesnad.
Men eg får ikkje heilt til å tru på at desse ungdommane er 9. klassingar. Eg kan ikkje heilt setje fingeren på kva som gjer det, men eg får ei kjensle av at dette handlar om ungar som er LITT yngre. Hadde dei gått på 7. eller 8. trinn, ville det vore meir truverdig.
Så er eg litt i stuss over engelsklæraren, som viser Scarie movie for Vida si klasse. Dette er ein film med 15 års aldersgrense. Sjølv om foreldre ofte lar ungane sine sjå filmar dei er for unge til, kan ikkje lærarar gjere det, utan å ha godkjenning frå foreldra. Kanskje engelsklæraren har innhenta denne godkjenninga, berre at det er utelate i boka?

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar