onsdag 19. juni 2024

«Snart er eg natt» av Elin Eika Bringa

Bonnier norsk forlag 2024 

Gonhild bur på aldersheimen og det nærmar seg 100-årsdagen hennar. Dei tilsette styrer fælt, vil vite kva kake ho ynskjer seg, det kjem ein journalist frå lokalavisa i god tid før dagen for å lage eit portrett, og både ordførar og korps er venta skal stille, får ho høyre. Sjølv er ho heilt uinteressert i dette dei planlegg, helst vil ho døy før bursdagen, så ho slepp dette vaset. Ho er uvenleg og krass mot journalisten, og praten mellom dei går ikkje akkurat lett. Nei, humøret til Gonhild er ikkje på topp, og ting tyder på at ho kanskje aldri har vore ei solstråle for folk rundt seg. Det er vel ikkje så rart då, at dottera Helga ikkje har planer om å dukke opp på 100-årsdagen til mora.

Det er Gonhild sjølv som fortel. Tilbakeblikk til det levde livet gjev oss bakgrunnen for kvifor ho har det som ho har det. Å bli gamal og slite med helsa verkar uansett ikkje forlokkande, og kanskje er det ekstra tungt når ein ser attende på livet ein har levd og ikkje er særleg nøgd med slik det vart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar