lørdag 12. juni 2021

«Bonus» av Marie Tveiten

Samlaget 2021

Astrid er nett vorte saman med Anders, forelskinga er sterk og varm. Ein liten malurt i begeret er at han har vore gift og har ein son frå ekteskapet; Brynjar, som berre er eitt år gamal. Det er fattbart, også for Astrid, at Anders er oppteken av å ha mest mogleg kontakt med sonen; det får berre vera at ho stadig må kjenne seg sett i andre rekkje. Men då eksen set premissar for kor ofte og korleis Astrid skal få vera i lag med Brynjar, blir det kanskje i overkant, sjølv for ei stupforelska kvinne.

Dette er forfattaren sin debut, og den er gjennomarbeidd og god. Problemstillinga kan sikkert mange kjenne seg att i; balansen mellom å finne seg i det som er rimeleg når ein no fyrst har forelska seg i ein mann med fortid, men utan å utsletta seg sjølv og sine behov; den er ikkje enkel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar