tirsdag 15. september 2020

«Tollak til Ingeborg» av Tore Renberg

Utgitt av Cappelen Damm 2020

Tollak er ein gretten gammal mann; han hatar tida han lever i, han hatar folk i bygda, og dei hatar sikkert han og. Han bur på garden attmed sagbruket han ein gong dreiv, før den nye tida kom og gjorde det umogleg å få drifta til å bera seg. Berre Oddo bur i lag med han, Oddo som han tok til seg då han var gutunge, av di mora ikkje greidde å ta seg av han då mannen hennar fall ifrå. Oddo er vaksen no, men som Tollak seier det i boka har Oddo ingen alder; han vil alltid vera avhengig av pass og stell.
Dei to vaksne ungane til Tollak, Jan Vidar og Hillevi, har for lengst flytt ut. Og kona Ingeborg forsvann for nokre år sidan. Tollak saknar henne. Han saknar henne noko enormt! Utan henne blir det meste meiningslaust. Og no er han vorten sjuk, kjem til å døy om ikkje så lenge. Då er det vel på tide å dele med ungane, dei store, tunge løyndomane han ber på...

Det er Tollak sjølv som fortel, i ein dyster, ordknapp stil som byggjer opp om mørkret i forteljinga. På bygda går Tollak som "Tollak til Ingeborg", altså Tollak som høyrer til Ingeborg. Utan Ingeborg er han ikkje den han var, og det synest ikkje mogleg å finne fotfeste som berre Tollak, ikkje ein det er til å halde ut med i alle fall.

Dette er engasjerande og lettlest om tunge skjebner og alvorlege tema. Det kan verke som ein umogleg kombinasjon, men Renberg får det til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar