Samlaget 2025
Det er gått om lag eit år sidan familien - slik det er fortalt i romanen Gult farevarsel (2023) - var på Innsetra for å feire gullbryllupet til foreldra. Det var yngste dottera Dorte som sto for opplegget den gongen, eit opphald ho har angra bittert på sidan. Anette og mannen mista hunden sin den gongen, og Anette hevna seg på ein måte som var ulovleg og livsfarleg.
Ved å forklare seg falskt til politiet slapp ho straff, men skuldkjensla og dei vonde minna plagar henne stadig; det går verkeleg ut over livskvaliteten til heile familien.
Karl - tvilling med Dorte - har starta rovdyrsafari-bedrift, med utgangspunkt i nettopp Innsetra. Då Karl blir meldt sakna, er det kort veg til å mistenke at lokale folk som hatar villdyrelskarar, kan stå bak.
Romanen skiftar mellom eit no og eit då, mellom Karl og dei som leitar etter han, og til det som skjedde i forkant av at Karl vart borte. Me skjønar fort at noko fælt har hendt, men må lesa det meste av boka før me har heile biletet.
Romanen er ingen spenningsroman, men har elementer i seg som kunne passe i ein krim/spenningsroman. Eg vart ikkje like imponert av årets bok som eg vart av Gult farevarsel, utan at eg heilt skjønar kvifor. Tempoet og oppbygginga er kanskje litt traust, personane litt eindimensjonale, og handlinga kanskje litt usannsynleg?

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar