Samlaget 2023
Ein familie beståande av mor og far, to døtre og ein son, samt den eldste dotteras ektemann og hund, dreg til fjells ei helg seint i oktober. Her på gjestegarden Innsetra har yngste dottera Dorte planlagt feiringa av foreldra sitt gullbryllaup. Allereie ved ankomsten byrjar Dorte å kjenne på at dette kanskje likevel ikkje var så god ein ide. Det har regna tett, og no er det gult farevarsel. Den fyrste setninga i boka går slik: «Ho spinn igjen i den siste bakken, og tenker med gru på at faren skal køyre same vegen berre timar seinare.»
Helga skal verkeleg bli ein heil del mindre koseleg enn Dorte såg for seg då ho la planene om ei nær og fin familiefeiring.
Romanen vart etter kvart spennande som ein kriminalroman. Etter 2023 sin sommar med mykje regn og tettkomande gule farevarsel om oversvømming og ras, var eg budd på ubehagelege hendingar. Men eg var langt i frå å gjette rett på kva som skulle kome.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar