Samlaget 2025
Familien Høst, som står bak det anerkjente forlaget Høst, skal samlast på ei øy. Myrna - mater familias - fyller 70, så då sonen Filip og svigerdottera Edda stiller opp på kaia for å bli frakta til øya, trur dei at dei skal i 70-års-feiring. Det same trur dottera Henny, som har med kjærasten Alvar; det er fyrste gong familien helsar på han. Edda og Filip har tatt Matias ut av skulen, for barnebarnet må jo vera med når det er bursdag, tenkjer dei. Men Myrna lurer på kvifor gutungen er der, han skulle då ha vore på skulen? Myrna har nemleg planar om noko heilt anna enn ein triveleg bursdagsfeiring. Det skal haldast strategisamling! For Myrna tenkjer å pensjonera seg, så kven skal overta ansvaret for drifta, og kva veg skal forlaget velje for framtida?
Både Filip og Henny er klare for å ta over styringa. Filip er litterært interessert og meiner forlaget skal halde fram med kvalitetslitteratur; drive på stort sett som dei har gjort i alle år. Medan Henny er økonomen i familien, og ser at forlaget må endra seg og stake ut ein annan kurs om det skal overleve.
Edda har halde noko hemmeleg sidan ho vart ein del av familien, og no har ho fått eit manus i hende som får henne til å forstå at hemmelegheita kan vera i ferd med å bli avslørt. Ho kjenner seg skvist mellom Henny og Filip. Ho vil sjølvsagt støtte ektemannen i eitt og alt, men om det er som ho mistenker, at Henny veit noko om Edda som helst ikkje skal koma fram, kva gjer ho då?
Eit kammerspel bygd rundt intriger og maktkamp der både fine og ufine middel blir teke i bruk. Dette er både underhaldande og spennande, og særleg interessant er romanen for dei som er interessert i litteratur og forlagsverksemd.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar