torsdag 19. desember 2024

«Reiret (arbeidstittel)» av Ingvild Holvik

Samlaget 2024

Gry arbeider i kantine, men ho drøymer om å bli forfattar. Ho skal søke plass på forfattarstudiet i Tromsø, om ho no berre kan få til å skrive den obligatoriske teksten som skal følgje søknaden! Det er ikkje så lett å finne tid og rom til det, når sambuar Trond vil leve av kunsten, og dei har ungar som krev sitt.
Ved sidan av arbeidet med skjønnlitterære tekstar, skriv ho dagbok. Og det kjem og ein del minne på henne frå barndommen, etter at ho har vore i gravferda til farmor. Ho kjem frå ein kristen familie, og sambuar Trond er kristen, men sjølv har ho snudd seg vekk frå trua. Gjennom tilbakeblikka til oppveksten kan me forstå kvifor ho no kjenner motvilje med alt som har med kristendom å gjere. At Trond bed kveldsbønn med ungane er til dømes, er noko ho misliker sterkt.

Forfattararbeid er eit tema som interesserer meg, difor valde eg å lese denne boka.
Romanen er ei blanding av dagboknotat, dei skjønnlitterære tekstane Gry jobbar fram, og minner frå oppveksten. Det er fascinerande å erfare at også ei slik samling av bitar kan puslast saman til ein leseverdig roman.

2 kommentarer:

  1. Hei! Takk for anbefaling! Hadde ikke hørt om den. Nå har jeg reservert den på biblioteket etter å ha lest innlegget ditt:-) Benedicte

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei og takk for kommentar. Håper du liker boka :-)

      Slett