lørdag 8. januar 2022

«Berre hopp!» av Åshild Moldskred

Samlaget 2021

Etter ei uheldig episode er Ingeborg vorte uven med Pernille - dei som var bestisar og brukte henge saman støtt. Pernille er så tøff og sterk; om einkvan plaga Ingeborg vart dei fort sett på plass av henne! Men no er Pernille i staden saman med Marte, og dei to ertar Ingeborg for å vera hemma. Ingeborg har nemleg nedsett hørsel og brukar høreapparat. Ingeborg har det følgjeleg ikkje bra på skulen, men storebror Emil har råda henne til å bli tøffare og ikkje bry seg om kva andre seier eller tenkjer. Då synest han det er lurt å gjeva seg sjølv oppgåver som på sikt vil gjera ein tøffare, som for eksempel å utføra vriene ting ein eigentleg ikkje torer i skaterampa.

Om vener, mobbing, klassefellesskap og kva ein kan gjere for å bli trygg på seg sjølv. Eg trur mange kan kjenne seg att i Ingeborg sine opplevingar. Om ein fyrst kjem på kant med einkvan som vil ta det ut i form av erting og mobbing, så er det lett å finne noko å stikke i, anten offeret har ei funksjonhemming eller ikkje. Og kva gjer ein då?

For ungar i alderen ca 8 til 12 år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar