Gjeven ut av Cappelen Damm 2020
Vera bur i Vrangdal, bygda ho flytta attende til som vaksen med mann og to barn. Då me kjem inn i handlinga er det gått to år sidan ektemannen Stig forlet henne til fordel for ei anna kvinne, Renate, som han no har fått ein unge med. Vera bur i faren sitt gamle hus. Huset ho og Stig hadde stor glede av å planleggje bygginga av, er det no han og Renate som bur i. Vera har vore bitter og oppgitt desse to åra som har gått sidan samlivsbruddet, men denne miseren skal etter kvart snu til ein opptur for Vera. Idet handlinga tek til sit ho i billettluka i symjehallen og håpar ein ansatt i kommunehuset skal døy (eller i det minste gå av med pensjon!), så ho kan få seg ein anstendig jobb.
Forventningar om romantikk, drama og humor fekk meg til å gå i gang med denne romanen. Starten på boka hadde meg fast på kroken; Vera sin motlause, men tøffe, fandenivoldske forteljarstemme mora meg. Her er eit sitat frå side 19:
«Når ein er ung, sminkar ein seg for å sjå eldre ut. Når ein er eldre, sminkar ein seg for å sjå yngre ut. Ingen av strategiane ser ut til å fungere. Det er eit helvete.»
Eller side 26, om kvifor Vrangdølane er i så god form:
«Når berre det å stikke innom naboen vert til eit motbakkeløp, er det klart formkurva er deretter. Anten døyr dei av hjarteinfarkt midtvegs i bakken, midt i det strålande livet, eller så lever dei til sjukepleiarane på aldersheimen spelar stein-saks-papir om kven som skal utføre aktiv dødshjelp, for å la det gamle skinnet få fred.»
Diverre var pangstarten på boka nettopp det; ein pangstart. Utover i boka er ikkje energien med i like stor grad, det dabbar av. Personar, handling og milijø byr på få overraskingar.
Måten teksten er sett, gjer boka tunglest, sjølv om tema og språk for så vidt er lett. Inntrykket av teksten når du opnar boka, er at det er kompakt og tett. Meir luft, fleire avsnitt hadde gjort seg.
Det er mange korte setningar, det kan vera bra og gjera teksten lettlest. Men her tykkjer eg flyten tidvis vert hindra. Det er og ein del repetisjonar som kunne vore skrelt vekk, til dømes side 59 der det kjem fram korleis Vera fryktar Svensken skal sende henne faktura for arbeidet han har gjort på huset han leigar av ho. Det same var beskrive grundig nok for nokre sider sidan.
Eg gjev eit døme på korte setningar som hindrar flyten, samt repetisjonar som trøyttar, side 27:
«Det er ei anna verd. Vera merkar at ho ikkje orkar den verda, denne spelinga, denne valden og drepinga. Sjølv om det berre er på leik. Eller. Nettopp difor. At det er ein leik. At dei leikar at dei drep. At dei tek så lett på det. Kvifor må alle spel handle om dreping. Det forstår ho ikkje. Dessutan byr det henne imot. At barn sit og let som om dei skyt kvarandre. Når det er verkelege krigar. Verkelege problem. Verkelege barn med verkelege våpen i verkelege konfliktar i ei verkelegheit som minner meir om eit mareritt, enn verkelegheita. Barn på flukt. Alle dei tallause overgrepa som skjer overalt, heile tida.»
Eg tykkjer det er synd at ikkje forlag og forfatter arbeidde seg gjennom denne boka eit par rundar til; denne kunne ha vorte knallgod.
fredag 22. januar 2021
«Vidunderlege Vera» av Siri M. Kvamme
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar