søndag 26. januar 2020

«Vintertonar» av Anders Totland

Gjeven ut av Samlaget 2019

Isak har ikkje vore heime på garden der han vaks opp, sidan han og mora reiste derifrå då han var i tenåra. Noko kontakt har han hatt med halvsøstera og svogeren Jon, då dei har vore i byen der Isak bur, men ikkje faren. No ringjer Jon for å be Isak kome ein tur - Jon seier Isak veit korleis Rakel og faren er, dei vil ikkje ta kontakt for å fortelje at det står dårleg til. Isak må ikkje seie at han har ringt, men det er best om Isak kjem ein tur no. Det er noko med faren, forstår Isak. Så han reiser til garden, det er like før jul. Det viser seg ikkje å vera så enkelt å kommunisera med korkje halvsøstera eller faren. Måten dei skildest på den gongen Isak og mora reiste sin veg, verkar som har gjort faren lukka og låst. Og kva var det eigentleg som låg bak då mora ikkje orka meir, og reiste frå garden og faren?

Denne romanen er ganske tynn, berre 137 sider. Men den rommar mange kjensler og det ligg mykje mellom linene og i alt det som ikkje vert sagt mellom medlemmene i familien.

Eg har før lest ungdomsromanane Så lenge ingen ser oss og Nedteljing av same forfatter og har merka med Totland som ein forfattar eg vil følgje med på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar