lørdag 17. februar 2018

«Så lenge ingen ser oss» av Anders Totland

Gjeven ut av Gyldendal 2017

Jon si mor er mykje sjuk, særleg er helgene trasige å koma gjennom. Men dette endrar seg til det betre når mora blir kjærast med Ole. Han kjem flyttande og blir som ein stefar for Jon. Med han i huset blir alt meir stabilt, mor og. Ole lagar god mat, er snill og omsorgsfull, og alle likar han. Jon likar han og. Veldig godt. Men det viser seg etter kvart at Ole har ei mørk side som berre Jon får oppleve...

Eg kjem til å røpe mykje av handlinga i det eg skriv vidare, så stopp her, om du vil lesa boka sjølv og halde på spenninga om kva boka handlar om.

Ole er ein overgripar, som tydelegvis tenner på unge gutar. Dei fyrste gongene han forgrip seg på Jon er dei på telttur. Ole gjev guten sprit, såpass at han er likeglad og blir med på det stefaren foreslår, og han forstår kanskje ikkje heilt kva som skjer. Etterpå er han fyld av skam for det han har vore med på. Sjølvsagt vil han ikkje fortelje om dette til nokon, slik stefaren formanar han om.
Etter kvart er han ikkje trygg heime heller, då stefaren kjem inn til han om natta. Jon prøver å seie nei og få han frå seg, men Ole er for sterk.
Ole og mora til Jon får ein son i lag. Då veslebroren er vorten skulegut, fryktar Jon at Ole skal prøve seg på han og, og dette blir frykteleg vanskeleg å handtera. Jon prøver å seie frå, men ingen vil tru det er sant, det han fortel. Ole som er så triveleg ein kar, dette kan berre ikkje stemme! Mora nektar og plent å høyre kva Jon vil fortelje, og då Jon er ferdig på grunnskulen blir han nærast send av garde til ei folkehøgskule langt heimefrå. Jon er fortvila, korleis skal han kunne passe på veslebror når han bur så langt unna!?

Det er Jon sjølv som fortel i boka. Boka er støtta av Leser søker bok, og er enkel i språk og oppbygging. Mykje vert sagt med få ord; boka engasjerar og vekker kjensler. Handlinga og persongalleriet verkar realistisk, slik at det er lett å leve seg inn i det som skjer.
Det står ikkje tydeleg kva mora slit med, men det verkar sannsynleg at ho har psykiske problem som ho døyver med alkohol, i alle fall i tida før Ole kjem inn i biletet.
Då romanen er slutt, verkar det som det skal ordne seg med at Ole blir stoppa og får straffa han fortener. Sjølv om Jon har opplevd mykje vondt som han må leve med resten av livet, sluttar boka slik at me har stort håp om at det vil gå bra med han.

For gutar og jenter frå 12-13 år.



2 kommentarer:

  1. Det er godt at sånne historier slutter med et håp. Takk for flott omtale Randi, og riktig god helg!

    SvarSlett
  2. Hei Tine, og takk for kommentaren! Jeg er veldig enig med deg; viktig med avslutninger som gir håp.

    SvarSlett