Utgitt av Oktober 2016
Jørgen
og kona Vibeke får nye naboar, ekteparet Steinar og Liv Merete, som har ein son.
Steinar verkar som ein sjølvsikker fyr, ein type som tek plass, som likar å
vera midtpunkt, vera der ting skjer, og som får ting til å skje.
Då Jørgen får ein ledig billett til
fotballturen til England, stiller Steinar opp som "vikar", endå dei ikkje kjenner
kvarandre særleg godt. Jørgen blir ikkje heilt klok på Steinar. Det er noko som
ikkje stemmer heilt, men kva er det? Då Steinar låner med seg eine sonen til
Jørgen og Vibeke opp på hytta, får dei plutseleg for seg at dei må opp og
sjekka om alt er i orden, så urolege blir dei for at Steinar har noko muffens fore…
Eg sleit lenge med denne boka. Det kan vera tida eg las ho på, at eg var for oppteken av alt mogleg anna. Eller det kan vera det store frampeiket romanen byrjar med; for eg likar ikkje frampeik.
Eg tykte språket var omstendeleg og tungt (eg trur
forfattaren har tenkt det skal framstå som ein slags muntleg monolog, litt slik som folk pratar?) Eg fann boka ganske keisam, for
det skjedde ingenting på lenge, lenge. Det var berre dette frampeiket, som fortalde meg at noko
forferdeleg kom til å skje, så eg måtte berre venta meg, og greide eg å gjette
kva det var som skulle skje? Nei, eg greide ikkje gjette det. Eg vart litt sur med ein gong det fatale skjedde, for det kom så totalt frå det blå i høve til det forfattaren prøvde å få meg til å sjå eller tenkje.
Men så endra heile leseopplevinga seg, i og med dette som skjedde. Eg fekk eit nytt perspektiv. Boka ga meg verkeleg noko å tenkje
på, slik eg likar, og eg vart meir venleg stemt mot prosjektet då heile boka var lest.
Eg held fast ved at boka kunne vore betre komponert, og den lange innleiinga, om
eg kan kalle ho det, kunne ha vore skriven i eit einklare, mindre
omstendeleg språk, og den kunne og vore ein god del kortare.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar