Samlaget 2026
I 2024 døydde far hans Bjørn; Tor heitte han. Den siste tida var han dårlig, skranta meir og meir. Han som var så sterk og sprek støtt! Til slutt fekk han dødsdommen. Han hadde fått gliablastom, ein hjernesvulst, særs vanskeleg å behandle. Bjørn fortel om sjukdommen, om alle bekymringane for om Tor fekk den behandlinga han skulle hatt, Tor sine siste dagar, men og om livet han levde før sjukdomen byrja å prega han.
Det er fortalt med humor, men og med kjærleik og forståing. Eg både lo og gråt undervegs i lesinga.
Eg har grubla ein del over tittelen, altså "Far levde, og så var han død". Kva har forfattaren meint med denne? Det kan vel vera så mykje. Kanskje ei veldig kort oppsummering av kva boka handlar om? Eller eit uttrykk for kor fort eit liv synes å gå, kor fort og brått livet plutseleg er over?
Litt grubling er uansett ikkje dumt.
Eg vil anbefale denne boka til alle som interesserer seg for folk, som likar gode historier godt fortald.
Og eg anbefaler Mjøsa rundt med mor i same slengen, den kom i 2020.
Eit sitat frå side 166 (Ikkje prøv dette heime, folkens!):
«Mor og eg pratar om at då eg var unge, var far ein slags ekstremsport-utøver i fyring. «Je æ Der Führer», sa far, mens han stappa stadig nye ting i omnen. Nokre gonger gjekk han rundt og knegga lurt, etter han hadde fyrt i gang den digre omnen i kjellaren, og så gjekk det nokre minutt før det kom eit drønn, og nabolaget vart forpesta med ein sjuk og grønleg røyk. Då hadde han brent opp ein sprayboks eller to. Han elska å brenne opp ting som brann med fin røyk og lydeffektar.»
Og frå side 172:
«Kor langt unna far var å vere rockar eller hippie, skjønte eg først då bror min var femten og grodde ein hockeysveis med skikkeleg langt hår i nakken. Far rista på hovudet og var irritert på langhåra gutar. Eg forsvara bror min med at far vel óg hadde hatt langt hår då han var ung? «Langt hår ha je æildri hatt», svara far, med eit toneleie som om eg skulle ha skulda han for landssvik.»

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar