torsdag 1. januar 2026

«Stille grender» av Martin Baldysz

Samlaget 2025

Hausten 1902: Overkonstabel Johan Ryer bli sendt ut frå politistasjonen i Ålesund, til avsidesliggande Mardalen der det har skjedd eit brutalt drap. Han får systera Sonja med seg - det kan vera bra for henne å kome seg litt vekk frå byen, og det kan vera bra for Johan å ha henne og hennar klare hovud med på lag når saka skal oppklarast.
I Mardalen møter politimannen og den merkelege, lyssky systera ein del skeptiske folk, men og enkelte som er særs imøtekomande. Det er ikkje like lett heile vegen å halde den profesjonelle avstanden, men klarer dei berre å halde hovuda kalde, så går det vel å få løyst saka til slutt.

Dette syskenparet var eit interessant etterforskarpar og eit sympatisk bekjentskap, og at handlinga er sett til tidleg1900-tal og i ei lita bygd, likte eg og. Eg les gjerne fleire bøker om Ryer-paret; dette er annonsert er fyrste bok av ein serie.

2 kommentarer:

  1. Denne boken likte jeg også godt, og ser frem til fortsettelsen.
    Riktig godt nyttår Randi!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for hyggelig kommentar, Tine! Godt nytt år til deg også!

      Slett