onsdag 28. januar 2026

«Arbeidarhjerte : bok 2» av Carl Frode Tiller

Aschehoug 2025

Vi møter att Trond frå Arbeidarhjerte : bok 1 (2024) Han er arbeidsledig og prøver å reparere ekteskapet som hanglar kraftig. Den eine dottera slit psykisk, og han og kona Therese må trå støttande til i håp om at dei kan hjelpe henne attende til ein frisk kvardag.

På same måte som i fyrste bok, er forteljinga ikkje kronologisk, meir tematisk, kanskje - som ein tankestraum flyt av garde, hektar seg på ein ende her eller der, og følgjer med det ein annan retning.

Det er mykje konfliktstoff, det er gode observasjonar, kort sagt ein like engasjerande roman som den fyrste.

Kjem det fleire bøker om Trond? Årets roman ender slik at det kjennest avslutta. Men det er jo alltid mogleg å pirke opp att eit sår. Så me får berre vente og sjå. Kjem det fleire, så vil eg lesa dei og.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar