fredag 19. januar 2024

«Hjartespreng» av Inger Johanne Sæterbakk

Aschehoug 2023

16-årige Inga har det ikkje så greit. Bestevenninna Jenny synes vera på veg vekk frå henne, då populære Eva i klassen ser ut til å trekkje henne til seg. Då Inga skjønar at Jenny har vore på fest med Jenny og fleire, medan ho til Inga har sagt at ho låg heime med spysjuke og difor ikkje kunne koma til Inga som avtalt, byrjar ho verkeleg å fortvile. Men det er vel hennar eiga feil - ho er jo så dårleg til å vera 16 år. Dei andre er så opptekne av festing, drikking og ligging; Inga er slett ikkje så oppteken av dette. Men ho ER forelska i Nils. Nils som er to år eldre og som Inga har kjent heile livet. No har Eva ymta frampå at Nils er så kjekk og då kjem ho sikkert til å leggje seg etter han. Kva har Inga å stille opp med då!? Her gjeld det å lære seg kunsten å vera 16 år; SÅ vanskeleg kan det vel ikkje vera?

Denne ungdomsromanen har også ei sidehistorie, om naboen til Inga, den gamle mannen Kalle. Han fortel Inga ein halv hemmelegheit, som skapar mykje uro hjå Inga. Er han likevel ikkje den hyggelege fyren ho alltid har trudd han er?

Fin bok for den som likar kjærleikshistorier, og mange vil sikkert kjenne seg att i dette med å føle seg utanfor, ikkje passe inn og då kunne koma til å gjera ting ein eigentleg ikkje vil, for å bli ein av gjengen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar