tirsdag 23. januar 2024

"Den dagen Nils Vik døde" av Frode Grytten

Nils Vik er no ein gamal mann, og denne dagen skal bli hans siste. I huset legg han att ein lapp til døtrene sine - dei som for lengst har flytt ut - "Eg har reist frå dette huset, og eg kjem ikkje tilbake. Ta godt vare på kvarandre. Far."
Så legg han av garde i båten sin. Båten som har vore arbeidsplassen hans gjennom alle år. Med den har han frakta folk og dyr fram og attende over fjorden.
Denne dagen ser han att fleire han har frakta med båten, dei er døde no, men han kan sjå dei og prate med dei.
Denne reisa, denne dagen, blir som å få vera med på livet hans oppsummert, ei presentasjon av dei store hendingane og viktigaste menneska i livet hans.

For meg var dette en vemodig og litt mørk leseoppleving, men engasjerande og god.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar