Illustrert av Åshild Irgens
Samlaget 2023
Ida og Oskar er søsken. Ida er eldst og Oskar er veslebroren som kan vera utroleg plagsam, men og temmeleg lur og fin å ha. Her får me vera med på små og store hendingar, og perspektivet er ungane sitt, då det er Ida som fortel. Ida skjønar og Oskar veldig godt - det er jo ikkje så lenge sidan ho var såpass liten sjølv.
I våre dagar skal ein jo vera så forsiktig med kva ein skriv og derigjennom oppfordrar til. Både elvesafari og leiking på kyrkjegarden kan potensielt vera veldig farleg - det kunne kanskje ha kome tydelegare fram. Kva med ei åtvaring i ei fotnote eller i ein parentes?
I sommar vart ein gut sugd med av vatnet gjennom eit slikt betongrør som Ida og Oskar kryp gjennom - han overlevde heldigvis. Frå tidlegare år kjenner vi til barn som har fått gravstøtter over seg, då det har vist seg at desse ikkje har vore godt nok festa i bakken.
Dette vart ein veldig streng peikefinger midt i innlegget, men faktisk elskar eg denne boka. Parr har det rette perspektivet, ser og opplever gjennom ungane, med passe doser humor og alvor. Så les denne!
For ungar i alderen 6-7 år og oppover.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar