Samlaget 2023
Hovudpersonen i denne romanen er lærar på ei vidaregåande skule på austlandet. No er han reist attende til staden han kjem frå på Sunnmøre, for ein time-out på ubestemt tid. Noko skjedde mellom han og Embla, ein av elevane hans, medan dei var åleine på eit grupperom.
Medan han ventar på at det skal bli rydda opp i hendinga og det skal bli muleg å reise attende på jobb, kjem oppveksten, ungdomstida og tida som ung vaksen nært på han; det er mange såre minne, mykje vondt som skjedde den gongen, som han nok ikkje er heilt ferdig med...
Engasjerande og godt skrive om mørke sider i livet. Det er spennande og, for eg som les blir usikker på om læraren, som sjølv fortel i boka, er ein forteljar eg kan stole på.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar