lørdag 11. april 2020

«Begynnelser» av Carl Frode Tiller

Gjeven ut av Aschehoug 2017

Terje ligg på sjukehuset, livstrugande skadd etter ei bilulykke. Det var han sjølv som styrte bilen over i feil køyrebane, men kvifor i all verda gjorde han det? Me får følgje Terje bakover i tid, steg for steg, og slik får me innsikt i korleis livet hans har vore. Og kanskje anar me konturane av eit svar på kvifor han til slutt valde å gjera slutt på seg sjølv.

Dette var sterkt og tankevekkande, rett og slett ein mektig og god roman.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar