Viser innlegg med etiketten tvangstanker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tvangstanker. Vis alle innlegg

tirsdag 15. april 2025

«Tynne rivner av lys» av Anne-Lise Frøland

Samlaget 2025

Solveig og Vegard er begge lærarar. Ho trivst nok betre enn han med yrkesvalet.
Då far hans får slag, reiser dei til garden han kjem frå for å hjelpe til. Solveig ser at Vegard trivst med dyra i fjøset, sakte byrjar ho å tru at livet på landet kan vera betre for han enn det livet dei lever no. Så dei tek over garden; far og mor hans flytter til eit anna hus i bygda. Solveig får jobb som lærar i bygda, medan Vegard går fullt inn for gardsarbeidet. Men ansvaret for ein vedlikehaldskrevandre gard, og ikkje minst for dyra som skal stellast morgon og kveld er stort og tungt. Det som i starten verkar som idyll og hyggje, blir til slit, strev og dei vanskelege tankane er attende med endå større kraft enn før.

Dette var ei mørk og tung leseoppleving, men heile tida er der eit lite håp om at det kan gå bra; dei tynne rivnene av lys. Eg skal ikkje røpe korleis det går til slutt, du må lesa sjølv.
Om psykisk uhelse og korleis det kan slå ut for dei som er rundt. Når ein endeleg innser at ein må ha hjelp frå einkvan utanfrå, så er det ikkje sikkert hjelpa står der klar slik heilt utan vidare.

Forfattaren debuterar med denne romanen; eit solid og godt arbeid.