mandag 8. juni 2026

«Silas Marner : vevaren frå Raveloe» av George Eliot

Omsett av Øystein Vidnes
Skald forlag 2026

Vevaren Silas Marner blir urettmessig skulda for tjuveri, og livet raknar. Han mistar jenta han tenkte gifte seg med, og venen sjølvsagt, sidan det var han som kom med dei falske skuldingane. Han flytter til ein liten landsby, Raveloe, og startar på nytt. Han lever nøysamt og arbeider flittig, og klarar å spare opp ein heil del gullmyntar. Så skjer det fryktelege - pengane blir stolne, og meininga med livet forsvinn for Silas. Heilt til eit anna slags gull dukker opp - i form av eit lite jentebarn som ikkje har nokon i livet sitt som kan ta vare på henne.

Dette er George Eliots tredje roman. George Eliot er eit pseudonym for Mary Ann Evans (1819-1880). Ho valde å gi ut romanane sine under eit mannleg pseudonym for å bli tatt på alvor i det samfunnet ho levde i, der litterær og intellektuell kultur var dominert av menn.
Eg har ikkje lest noko av Eliot tidlegare, men minnest å ha sett ein TV-serie basert på hennar verk; Møllen ved Floss. (The mill on the floss). Eg vil lese meir av henne; dette var engasjerande, med truverdig persongalleri, forståelsesfullt og nyansert framstilt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar